Bøker i 100-lista


Nyheter fra Leser søker bok


 
 

Bebe

Bok støttet av Leser Søker Bok
 
Bebe og Sara er bestevenninner.
Men innst inne er Bebe sjalu på Sara.
Det er Sara som alltid er så perfekt.
Det er også Sara som blir valt til å gå på kurs med Daniel.
Korleis kan Bebe finne styrke til å tru på seg sjølv?
 
På skulen er Sara så flink.
Mens Bebe slit med lesinga.
Det veit læraren godt,
men likevel gjer han narr av henne når ho les høgt.
 
Kloke, gamle fru Almdal gjer Bebe nokre gode råd.
Og Bebe skal få kjenne
at det gjer utruleg godt å få seie i frå.
 
Bente Bratlund skriv tett på kjenslene.
Ho skriv om eit kvardagsleg og vanleg
problem for mange jenter.
Teksten er enkel og presis.
 
Forfattaren har skrive
ei lang rekkje gode, engasjerande
og lettleste bøker for ungdom.
Fleire er støtta av Leser søker bok.
 
Ute pissregnar det.
Vi står pressa saman under uvêrsskuret i alle friminutta.
Eg står ved sida av Sara. Sara som berre er søt og blid.
Ho snakkar om kurset ho skal på. Ho er så ivrig.
Eg prøver å ta meg saman, men eg er svart inni meg.
Rart det ikkje kjem røyk ut av kjeften min.
Merkar ikkje Sara nokon ting?
Eg seier nesten ikkje eit ord.
 
Mangschou  2011
ISBN: 9788282380300
62 sider
Pris: 229
KJØP BOKA PÅ BOKKILDEN LÅN BOKA PÅ BIBLIOTEKET
Bøker i samme serie
 
HVA MENER DU OM BOKA?
SEND