Bøker i 100-lista


Nyheter fra Leser søker bok


 
 

Vivaldi

Illustratør: Mari Kanstad Johnsen
Bok støttet av Leser Søker Bok
 
Vivaldi er ei poetisk og vakker bok om mobbing.
 
Tyra er ei jente som ikkje har det bra på skulen.
Der har ho slutta å snakke,
men dei andre snakkar om henne.
Dei sparkar henne, og dei ser på henne
med Krympeblikket. Då blir Tyra veldig liten.

Heime har Tyra det bra. Ho danser og speler piano.
Ein dag får hun ein kattunge.
Noko endrer seg, ho er ikkje berre Tyra lenger.
Ho er Tyra og katten.
Boka skildrer korleis Tyra opplever ein vond hverdag,
og korleis ho kanskje kan jobbe seg ut av det vonde. 

Dette er en bildebok om mobbing
som passer best for ungdom og vaksne.
Teksten er enkel, men djup. 
Boka kan også vere fin å lese saman med større barn.
Tekst og bilete står fint til kvarandre,
men av og til er det dårlig kontrast mellom skrift og bakgrunn.

Forfattar Helge Torvund er kjend og kjær,
særleg som poet.
Han har også skrive barneboka Fantasiblikket,
som handlar om bokstaver som krøller seg. 
Når ho skal gå opp og spissa
blyanten, står det ei klynge
jenter og ser på bileta i ei bok.
Då ho nærmar seg, er det som
om ein lydlaus alarm har gått:
Alle trekker seg bort frå henne.
Alle unngår å koma borti henne.
Tyra ser, men skjønar ikkje.
Ser det gong på gong.
Men skjønar aldri.
 
Magikon  2011
ISBN: 9788292863237
Pris: 249
KJØP BOKA PÅ BOKKILDEN LÅN BOKA PÅ BIBLIOTEKET
 
HVA MENER DU OM BOKA?
SEND