Bøker i 100-lista


Nyheter fra Leser søker bok


 
 

Du er vel vakker

Illustratør: Johanne Marie Hansen-Krone
Bok støttet av Leser Søker Bok
 
Det handlar om Hanna,
som møter og forelskar seg i Hermann.
Dei har begge utviklingshemming.
 
Kjærleiken dei imellom
blir sterk og inderleg,
men snart blir det vanskeleg:
Hermann vil gjerne bli far,
medan Hanna blir passa på
slik at ho tek prevensjon.
Kven skal bestemme over Hanna?
Kva kan Hanna gjere?
 
Du er vel vakker er ei nydeleg
forteljing om kjærleik,
både poetisk og spennande for alle vaksne.
Boka har eit innhald som er enkelt å få med seg,
men gir ingen enkle svar
på vanskelege spørsmål.
Ho egnar seg godt til høgtlesing.
Det er mykje tekst og kan difor vere vanskeleg å lese sjølv.
 
Denne boka fekk prisen Årets best tilrettelagte bok
blant Årets vakreste bøker 2006.
I konkurransen om årets vakraste bøker 2007
delte Du er vel vakker førsteplassen.
 
Kvar dag kjem Herman til Hanna og
huset hennar.
Mopeden set han ved trappa. Hjelmen
tar han med inn. Han legg den i gangen
og tar Hanna inntil seg. Inn mot den
runde, fine magen. Inn mot den sterke
halsen. Inn mot hovudet som er rundare
og vakrare enn noko ho veit om.
- Få sjå deg, seier ho.
 
Samlaget  2006
ISBN: 9788252168792
135 sider
Pris: 259,-
KJØP BOKA PÅ BOKKILDEN LÅN BOKA PÅ BIBLIOTEKET
Denne boka kan kjøpes i Leseklubben til medlemspris
 
HVA MENER DU OM BOKA?
SEND