Bøker i 100-lista


Nyheter fra Leser søker bok


 
 

Glad i deg

Illustratør: Tove Elin Berg
Bok støttet av Leser Søker Bok
 
Glad i deg er ei poetisk bok
med enkle, jordnære ord
om vennskap og kjærleik.
Teksten er kort og leikar med rim og rytme.

 

Dette er ei bok for den som kan gle seg
over det som skjer her og no,
men også for den som hugsar
dagen for 30 år sidan betre
enn dagen i går.
Saman med fotografia kan teksten
lokke fram minne og draumar
om det å vere glad i nokon.
 
Odveig Klyve (f. 1954) er busett i Stavanger.
Hennar første diktsamling kom i 1993,
dette er hennar sjuande.
Klyve har også skrive barnebøker og
hatt regi på fleire kortfilmar som har vore vist
på internasjonale filmfestivalar i  Europa, USA og India.

Boka er rikt illustrert
med klare og varme fotografi
av Tove Elin Berg (f. 1962).

Eg er glad i deg når det er morgon
Glad i deg når det er kveld

Eg er glad i deg når himlen mørknar
Og når skyer blir til eld


 
Wigestrand  2007
ISBN: 9788281400634
upag
Pris: 168
KJØP BOKA PÅ BOKKILDEN LÅN BOKA PÅ BIBLIOTEKET
Denne boka kan kjøpes i Leseklubben til medlemspris
 
HVA MENER DU OM BOKA?
SEND