Bøker i 100-lista


Nyheter fra Leser søker bok


 
 

Jenta med heilt jamne, mjuke augebryn

Illustratør: Inger Lise Belsvik
Bok støttet av Leser Søker Bok
 
Dette er ei flott og annleis bok,
både for blinde og sjåande born og unge.
 
I landet er det krig.
Ein blind gut startar på ein ny skule.
Guten forelskar seg i ei av jentene i klassen,
ho med dei mjuke augebryna.
Ho som ikkje lo då han kjende på andletet hennar.
 
Teksten står både i svartskrift og punktskrift.
Men til skilnad frå mange andre
bøker med følebilete
er ikkje språket eller innhaldet utprega enkelt.
 
Denne føleboka er laga av topplaget
mellom norske forfattarar og illustratørar.
Forfattar Bjørn Sortland
er omsett til mange språk
og vinn stadig prisar for bøkene sine.
Inger Lise Belsvik er ein av
dei beste illustratørane våre.
No syner ho at ho også meistrar kunsten
å lage vakre bilete til å røre ved.
 
Boka vant prisen for Årets best tilrettelagte bok 2009.
"Dette er ei estetisk tiltalende bok både
for dei som les med fingrane og dei som les med auga.
Gjennom frapperande materialbruk
appellerer boka til fleire sansar.
Dei taktile illustrasjonane, laga av alt frå metall til stein,
står talande til teksten. (...)
Både arka og illustrasjonane er gode å ta på.
Jenta med heilt jamne, mjuke augebryn
er ei bok du får lyst til å bla i og ha i bokhylla"
(fra juryens kommentar)
Eg skulle ønskt eg kunne gjera det igjen. Ta på ansiktet hennar.
Eg har det i hendene mine. Ho er den einaste eg veit om
i heile verda som har heilt perfekte, jamne, mjuke augebryn.
Eg tok sikkert alt for lenge på dei.
Men når ho skal få seg ein mann, så blir det ikkje meg.
Det kjem til å bli ein som Ivan, kanskje.
 
Solum   2008
ISBN: 9788256015412
18 sider
Pris: 198,-
KJØP BOKA PÅ BOKKILDEN LÅN BOKA PÅ BIBLIOTEKET
 
HVA MENER DU OM BOKA?
SEND