Bøker i 100-lista


Nyheter fra Leser søker bok


 
 

Før klokka fire

 
Klokka sniglar seg frametter mens åtte år gamle Fred og bestemor Judith ventar på besøk frå barnevernet.
Får Fred bu hos Judith?
Ei poetisk og sår roman om omsorgssvikt og ein familie i oppløysing.
 
Halvbroren Tommy bur hos ein annan familie.
Mora er ikkje i stand til å ta seg av barna,
og fedrane til barna er fråverande.  
Boka tek for seg timane før barnevernet kjem
og skal avgjere kvar Fred skal bu.  
 
Boka har enkelt språk med korte kapitlar.
Det er tydeleg skifte mellom perspektivet til Judith og Fred.
 
Før klokka fire vann Margboks romankonkurranse 2010.  
"Teksten balanserer mellom å være en poetisk perle
til å være klar for å knive om årets litterære priser,
samtidig som den er boka folk sier til folk de kjenner:
denne må du bare lese!"
Juryen besto av Leif Høghaug, Ingeborg Arvola og Lene E. Westerås.  
Mens vi et, og eg, ut frå augnekroken, ser at små munnfullar forsvinn frå fatet og inn i munnen hans, spør eg han om Tommy. Berre små lette setningar, om det er lenge sidan han har sett broren, om han likar seg der han er no. Høyrar gaffelen skrapa mot porselenet, og så stemma hans:
- Kan eg få bu hos deg?
Spørsmålet kjem på innpust, nesten eit samanhengande,
fort ord.
Og eg skjer over ein pølsebit, raudbrun, feittglinsande,
mens hjartet gjer eit par ekstra hopp.
- Ja, vi har.. kan ikkje bestemma noko no, vi får venta og
... vi får sjå.
Dama frå kontoret kjem for å snakka med oss idag, han veit
det, veit at vi ikkje kan bestemma noko åleine, så vi får sjå.
- Ikkje sant, Fred, vi får sjå.
 
MargBok  2010
ISBN: 9788293065012
104 sider
KJØP BOKA PÅ BOKKILDEN LÅN BOKA PÅ BIBLIOTEKET
 
HVA MENER DU OM BOKA?
SEND